Snåsasongen

Tekst: Idar Brønstad
Melodi: Lornts Gunnerius Strugstad

Du ligg trygt millom fjellom her inne
som eit eventyr, -fager og rik.
Du er alltid så heimsleg å finne
varm og trufast og heilt utan svik.
Snåsabygda er vår
kvar i verda me går,
du e kjæraste staden på jord.

Her er skogane endelaust djupe
kvar ein teig er eit rike for seg.
Her veks nytt når det gamle må stupe, 
slik er livet og folket sin veg-.
Me vil byggja å bu, 
møta motgang med tru,
bera arven til ætter som kjem.

Me e trønderske jenter og gutar
og er glad i vår heim og vår bygd.
Her stig songen mot solfjell og nutar
og ber voner om framtid så trygg.
Høgreist kyrkja held vakt
over dei som er lagt
i si grav gjennom tidenes straum.

Kvar ein stad, kvar ei grend har sitt minne,
der stig fram gjennom soga og dikt.
Nytt og gamalt i samspel skal binde
Folketrua til det ho er vigd:
Snåsabygda er vår
kvar i verda me går,
du e kjæraste staden på jord.